Aktiviteten i IL Solid er styrt klubben sine eige vedtekter, som er basert på 'lovnorm for idrettslag', som ein finn på NIF si nettside. Lovnorma er ufråvikeleg og inneheld eit minimum av det Idrettslaget Solid må ha i si eiga lov. Idrettslaget kan vedta tillegg til lova, men tillegga må ikkje vera i strid med lovnormen. Alle lovendringer må vedtakast av årsmøtet og framgå av protokollen. Om årsmøtet vedtar lovendringar skal protokollen sendast til idrettskretsen.

Ved endringer i NIF sitt regelverk, pliktar styret i idrettslaget å gjere eventuelle nødvendige endringar i IL Solid sitt eige regelverk. Slike lovendringar skal ikkje vedtakast av årsmøtet, men slike endringar skal gjerast kjent i organisasjonen så snart dei er vedtatt av styret.

IL Solid sine vedtekter.