Verdiar
Idrettslaget Solid sine aktivitetar er baserte på dei felles vedtatte verdiane for norsk idrett:
- Aktivitetsverdiar: Idrettsglede, fellesskap, helse og ærlighet
- Organisasjonsverdiar: Frivillighet, demokrati, lojalitet og likeverd
Idrettslaget Solid har i tillegg etablert våre eigne, felles verdiar som medlema våre ynskjer at laget skal driva etter:
- RESPEKT
- ENGASJEMENT
- INKLUDERING
- RETTFERD
Respekt
I Solid har me respekt for folk, utstyr og anlegg både i og utanfor klubben.
Engasjement
I Solid stiller me opp og brenn for klubben på ein positiv måte.
Inkludering
I Solid skal alle føle seg trygge og ivaretatt uansett forutsetningar, bakgrunn og økonomi.
Rettferd
I Solid skal alle bli sett og høyrt, samt bli behandla med respekt.
Verdiarbeid
Verdiane våre skal ligga i botn for alt arbeid i klubben vår. Det skal jobbast aktiv med å gjera verdiane kjent, til dømes gjennom
- Trykk på drakter
- Grafikk/bilder til Solidhuset, EMS avisa,
- Powerpoint mal, dokument mal
- Heimesida
- FB konkurranse med premie
- Brukast aktivt i møter og kurs
IL Solid sitt verdigrunnlag kan ikkje lausrivast frå samfunnet sine lover og normer, men skal vera med å forsterka element i det positive lokalmiljøet Sagvåg og Litlabø som me er ein del av.
Nokre av gruppene i idrettslaget har sine eigne tilleggsverdiar og satningsområde.
Målsetting
Idrettslaget Solid har som hovudmålsetting å leggja forholda til rette slik at flest mogleg barn og unge, på alle nivå, i Sagvåg/Litlabø-området kan få ta del i idrettsaktivitetar prega av tryggleik, meistring og trivsel.
Dette betyr at:
- Det skal vera eit godt miljø, både sportsleg og sosialt. Miljøet skal vera positivt, engasjerande, inkluderande og rusfritt.
- Idretten skal vera ein samlingsfaktor. Hos oss skal det vera plass til alle som vil driva med idrett, same kva bakgrunn eller kva livssyn dei måtte ha.
For å nå hovudmålet vårt må me:
- heile tida jobbe med å skaffe gode nok treningsforhold: nok og brukbare banar, innandørshallar, basseng osb. Me ønskjer at Solid sitt klubbhus, som er integrert i idrettsanlegget, skal bli ein open sosial møteplass for barn, ungdom og vaksne både formelt og uformelt. Dette vil skape identitet, tilhørighet og kontakt på tvers.
- rekruttera dyktige og engasjerte trenarar / leiarar til alle lag / treningsgrupper. For å skapa godt miljø blant trenarane og gje dei gode arbeidstilhøve skal me kontinuerleg gje ut nok informasjon, ved hjelp av trenar- / oppmannsmøter, e-post og heimesida. Me skal bidra til å auka trenarkompetansen ved hjelp av impulssamlingar / kurs i egen regi, eller i samarbeid med naboklubbar eller krets.
- jobbe aktivt med å rekruttere nye dommarar. Me skal legge forholda til rette og motivere til at spelarar, leiarar og trenarar kan velje dømming som alternativ. Me skal støtte og utvikle dommarane og det skal oppnemnast ein dommaransvarleg.
- informera utøvarar, trenarar, leiarar, foreldre og publikum om behovet for Fair play, samt respekt for Solid sine retningslinjer, klubbkultur og avgjerdsler.
- legge stor vekt på holdningsskapande arbeidi utviklinga av idrettsutøvarane og det skal arbeidast for å skape sosial trivsel på alle lag og grupper.
- jobbe for å fremje NIF sin aktivitetsverdi: Helse, gjennom etablering av sunne vanar, med stort fokus på Eat Move Sleep i all aktivitet i klubben.
- ha eit godt samarbeid med dei andre klubbane på Stord, andre idrettar og frivillige organisasjonar i Sagvåg og Litlabø-området, Stord kommune og det offentlege.