Klubbhandboka skal svare på dei viktigaste spørsmåla om klubben og gjere det enkelt å finne ut kva som gjeld internt i klubben. Ho skal sikre at det er kontinuitet i det som blir bestemt og gjort.
Klubbhandboka er laga av arbeidsutvalet i Idrettslaget Solid og blir oppdatert fortløpande.
Handboka skal vera eit levande arbeidsverktøy for alle medlem, utøvarar, foreldre, styret, komitear, utval, tilsatte, trenarar og dommarar i klubben vår.
Handboka skal nyttast til å forstå og kommunisere kva som er viktig i klubben vår, kven me er og kva målgruppe me er til for.