§1 - Namn og føremål
Fondet heiter “Solidfondet” og har primært som føremål å gje born og ungdom som er medlem i IL Solid høve til å bli med på aktivitetar som ein elles ikkje ville kunne vera med på grunna private økonomiske forhold. Sekundært så kan fondet og nyttast til sosiale tiltak for born og ungdom på tvers av gruppene og tiltak som fremmar inkludering.
§2 - Fondet sin storleik
Innbetalt medlemkontingent skal gå inn i fondet. Dersom det er meir enn 100 000,- på fondskontoen ved slutten av året skal meirbeløpet fordelast på gruppene, basert på aktive medlem.
§3 - Ansvar for fondet
Hovudstyret i IL Solid er ansvarleg for fondet. Drifta av fondet er delegert til eit fondsstyre beståande av leiar, nestleiar og økonomiansvarleg i hovedstyret.
§4 - Bruk av fondet
Det skal vera ein låg terskel for å søke om stønad dersom det er born/ unge som vert vurdert som å vera i behov for slik hjelp. Ein førespurnad om stønad kan gjerast både av bornet sjølv, føresatte, trenarar, lagleiar og liknande. Midlane kan tildelast for eit vidt spekter av aktivitetar, som til dømes cupar, treningssamlingar, sosiale samlingar mm.
Utbetalingar frå fondet vil skje i form av at IL Solid betalar på vegne av og ikkje direkte til søkar.
§5 - Konfidensialitet
Søknadar vil bli handsama med høg grad av konfidensialitet.
Fondsstyret vil kunne diskutere/vurdere søknaden i samråd med gruppeleiar eller trenar, om nødvendig, men informasjonen skal ikkje delast vidare utan spesielt samtykke.
§6 - Rekneskap
Fondsstyret skal sørge for tilstrekkeleg rekneskapsførsel og levere rekneskap til styret seinast ein månad før årsmøtet. Rekneskapen vil ikkje innehalde namn på personar.
§7 - Revisor
IL Solid sitt hovudstyre vil revidere fondsstyret sitt rekneskap.
§8 - Endring av vedtekter
Vedtektene til fondet kan endrast i årsmøtet til IL Solid.
§9 - Oppløysing av fondet
Fondet kan berre oppløysast etter vedtak på IL Solid sitt årsmøte.