Verdiane våre: Engasjement – Respekt – Rettferdig – Inkludering, ligg i botn for alt arbeidet me gjer i IL Solid.

Det er eit mål at alle skal finna glede i å vera i aktivitet i Solid og difor ønskjer me at ALLE skal ha same mogelegheit til å delta i våre aktivitetar. Me ynskjer å halda kontingent, treningsavgift og cup/stevne-deltaking på eit lågast mogeleg nivå, men likevel veit me at det for enkelte blir ei økonomisk belastning å delta.

IL Solid har difor oppretta “Solidfondet”, der medlema i IL Solid kan søke om stønad til kontingent, treningsavgift og liknande, slik at alle medlema våre får høve til å bli med på aktivitetar som ein elles ikkje ville kunne vore med på grunna private økonomiske forhold.

Det skal vera ein låg terskel for å søke om stønad dersom det er born/ unge som vert vurdert som å vera i behov for slik hjelp. Ein førespurnad om stønad kan gjerast både av bornet sjølv, føresatte, trenarar, lagleiar og liknande. Midlane kan tildelast for eit vidt spekter av aktivitetar, som til dømes cupar, treningssamlingar, sosiale samlingar mm.

Utbetalingar frå fondet vil skje i form av at IL Solid betalar på vegne av og ikkje direkte til søkar.

For å søke om stønad, send ein e-post til solidfondet@ilsolid.no.

Søknaden om stønad frå Solidfondet vert handsama konfidensielt av eit fondsstyre beståande av leiar, nestleiar og økonomiansvarleg i klubben. Fondsstyret vil kunne diskutere/vurdere søknaden i samråd med gruppeleiar eller trenar, om nødvendig, men dette vil bli avtalt på førehand med den søknaden gjeld.