Treningstilbod i symjegruppa
IL Solid sitt motto er Rein Glede – noko vi også fokuserer på i symjeopplæringa vår.
Barn og ungdom skal vera trygg på trening, og vi har fokus på å skape trivsel i bassenget.
IL Solid symjing følger Noregs Symjeforbund sitt symjeopplæringsprogram.
Vi har tilrettelagt symjeopplæring for barn med ulike funksjonsvariasjonar, kvart merke har eigne krav for funksjonshemma. Dei kan enten få tilrettelagt symjeopplæring i ordinær gruppe, eller på Stjernepartiet.
Vi har fylgjande grupper:
Vassmerket:
Startar frå ca 4 års alder. Vi øver på å bli kjent med vatnet gjennom leik og bevegelsar. Vi øver på å takle vatn i ansiktet, lage bobler med munn/nase.
Opplæringa blir gjennomført på grunt vatn. Alle born har ein vaksen med seg i bassenget.
Kvalmerket:
Her er fokus på dykking. Dykke etter gjenstandar på botn og hoppe frå kanten. Vi øver på å puste ut gjennom nase/munn under vatn. Vi gjennomfører øvingar i form av leik og trening.
Opplæringa blir gjennomført på grunt vatn. Alle born har ein vaksen med seg i bassenget, eller etter avtale med instruktør.
Skilpaddemerket:
Her lærer vi å flyte. Flyte på mage og rygg i linjeholding, samt dreining frå mage til rygg. Vi øver oss på å hoppe frå kanten, komme opp og flyte på mage. Vi gjennomfører øvingar i form av leik og trening.
Opplæringa blir gjennomført både på grunt og djupt vatn. Nokre born er tryggare i vatnet, og treng ikkje ein vaksen med seg i bassenget. Avtale vert gjort med instruktør.
Pingvin:
Her har vi fokus på å gli i linjeholding, både på mage og rygg, samt dreining frå mage – rygg – mage. Vi øver på å gli med og utan beinspark.
Vi øver på å hoppe frå kanten, komme opp og flyte på mage, samt dreining til rygg – mage.
Vi gjennomfører øvingar i form av leik og trening.
Opplæringa blir gjennomført på grunt og djupt vatn utan foreldre.
Selungen:
Her begynner vi å øve på crawl og ryggsymjing i linjeholding, sculling, stup og pusteteknikk. Vi gjennomfører øvingar i form av leik og trening.
Opplæringa blir gjennomført på grunt og djupt vatn utan foreldre.
Sel/Sjølvøve/Rekrutt:
Her er målet å øve på å kunne symje crawl og rygg, sculling på eit vidaregåande nivå, samt øve på vendingar.
Kunne stupe frå ståande stilling, symje 25 meter crawl, ta ein saltovending, for deretter å symje 25 meter på rygg – eit døme på ein av øvingane.
Vi øver på brystsymjing og butterfly.
Vi lærer om livredning, kunne varsle om hjelp, nytta forlenga arm, og kaste redningsline/livbøye.
Treningane er meir målretta, men det er og viktig at treningane er varierte og kjekke.
Me kan og melde oss på uapprobert stemner, og øve på å konkurrere.
Breiddegruppa – symjedyktige over 10 år
Denne gruppa er for eldre barn som kan symje, likar seg i vatn og som vil bli betre teknisk utan og nødvendigvis konkurrere. Dersom ynskeleg, kan utøvarar i gruppa delta i lokale stemner på approbert nivå.
For å delta i denne gruppa må barnet kunne symje crawl, rygg, bryst og grunnleggjande butterfly.
Kravet er å kunne symje 100 m non stop i en valt symjestil.
Fokus er på å perfeksjonere teknikkar og bli ein betre og meir habil symjar, samt ha eit godt samhald i gruppa.
Oppstart haust-23
Junior – svømmedyktige over 10 år
Denne gruppa er for eldre barn som kan symje, likar seg i vatn, vil bli betre teknisk og ynskjer å delta på stemner og konkurransar.
For å trene i denne gruppa må barnet kunne symje crawl, rygg, bryst og grunnleggjande butterfly.
Det er høgare forventningar til utøvarane i denne gruppa og dei må være innstilt på å trene 4-5 gonger pr veke, samt når det er skulefri, og delta på stemner nokre helger pr år.
Fokus på individuell utvikling av utøvarar, og på å kvalifisere seg til stemner og LÅMØ konkurransar.
‘Master’ / Vaksengruppe
Denne gruppa er for symjedyktige vaksne over 18 år som ynskjer å drive med symjing.
Oppstart haust-23
Stjernepartiet
Vi har tilrettelagt symjeopplæring for barn med ulike funksjonsvariasjonar, kvart merke har eigne krav for funksjonshemma. Dei kan enten få tilrettelagt symjeopplæring i ordinær gruppe, eller på Stjernepartiet.
Påmelding
Gjer deg kjent med gruppene. Kva gruppe passar ditt barn?
Dersom vi ikkje har plass når du melder barnet ditt på, blir du satt på venteliste til den gruppa som er aktuelt for barnet ditt, og du vil få melding så snart det vert ledig plass.
Vi har hovudopptak i august/september og januar/februar, men tar inn fortløpande om vi har ledig kapasitet.
Er du usikker på kva gruppe barnet ditt passer inn på. Ta kontakt, så hjelper vi deg.
For påmelding – send mail til symjeopplaering@ilsolid.no