Gruppa blei starta opp i 1975 som undergruppe til IL SOLID. Gruppa held til i Nysæter Ungdomskule og Bassenget i Stord Kulturhus.

I symjegruppa har me omtrent 117 born og unge symjarar, i ein alder frå 5 år til 23 år. Me er ei lita symjegruppe pr dags dato, men me er i stadig vekst med fleire medlemar og instruktørar. Me har deltakarar i Junior og Senior NM.

IL Solid symjeruppe skal skapa eit godt idrettsmiljø for symjeopplæring for alle.

 Klubben skal òg bidra til å betre dei allmenne symjedugleiken i Sagvåg og Litlabø områda og elles i Stord og Fitjar kommunar. Samstundes skal klubben videreutvikla og oppretthalda eit attraktivt og inkluderande klubbmiljø for alle sine medlemar, dei i leiinga, samt alle støttespelarane klubben har.

 IL SOLID følgjer NIF og NSF sine lover, vedtekter og føresegner. Arbeidet skal pregast av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlighet. 

IL SOLID symjegruppe skal arbeide for at innbyggjarane i Stord og Fitjar skal få høve til å utøva symjeaktivitet.

IL SOLID skal fremje symjedugleik hos både born, ungdom og vaksne.  IL SOLID skal utvikle konkurransesymjarar.

Har du spørsmål angåande symjeopplæring, kontakt oss på symjeopplæring@ilsolid.no

For andre hendvendelsar, kontakt oss på symjing@ilsolid.no.