For å søkja om politiattest treng du ei stadfesting frå Solid om at du har eit verv som gjer at du skal forevisa politiattest. Dette får du ved å senda fullt navn og personnummer, samt kva verv du har i ein e-post til  graa@hkraft.no

Du vil då få eit stadfestingsskjema i retur, dette skal du lasta opp når du søkjer om attest på https://www.politi.no/tjenester/politiattest/​

- Du loggar inn med "Min-ID", "Bank-ID", "Bank-ID på mobil" eller liknande.

- På "Kategori" og "Formål" velger du "Frivillige organisasjonar"

- Deretter velger du fila du mottok med stadfestingsskjema

- Trykk send søknad
 

Når politiet har behandla søknaden, vil den enkelte få attest tilsendt.

Denne skal så forevisast, ikkje leverast, til underteikna som registrerar at attest er forevist.

Dersom du ynskjer det kan attesten sendast til meg på e-post. Alle e-postar og skjema med ditt personnumer på, blir sletta etter at politiattesten er forevist.