Håndboka skal legga til rette for at alle trenarar får dei same forutsetningane for å gjere ein god jobb med spelarane våre. Dette krev at kvar enkelt trenar og oppmann har eit heilhetlig syn på, og respekt for Solid fotball sine overordna verdiar, organisasjon og verkemidler.
Solid fotball har som målsetning at gjennom den jobben trenarar, oppmenn, dommarar, leiarar og foreldre gjer, kvar dag, så bidrar ein til at Solid fotball blir ein viktig premissleverandør for eit godt oppvekstmiljø i vårt nærmiljø Sagvåg og Litlabø.
Vinteren 2011 / 2012 har det pågått ein verdi- og holdningsdebatt i idrettslaget Solid. I samband med dette arbeidet, har Solid fotball gjennomgått og revidert håndboka. Dette har vore ein demokratisk prosess, over eitt år, der alle har fått mulighet til å delta og komme med innspel.
Håndboka blei sist vedtatt på årsmøtet i Solid våren 2012. Håndboka i Solid fotball skal vera eit "levande dokument" som til ein kvar tid skal legga føringar for korleis dagens klubb skal drivast.
Revidering av håndboka skal derfor vera sak på alle årsmøter. Forslag til endringar må vera skriftleg levert til styret seinast 1 veke før årsmøtet.