Vi har fokus på allsidigheit, grunnmotorikk, leik og moro. Turar i skog og på fjella i nærleiken vert også ein del av opplegget.

Målet er at barna skal få idrettsglede, kjenne meistring og få eit bredt utval av idrettar dess eldre ein blir.

Her skal alle føle seg velkommen og trygg i idretten.

Vi skal fremma meistring og moglegheit for å utfordra seg i nye idrettar.

Kanskje dei finn ein idrett på vegen dei har lyst å drive meir med?


PÅMELDING


Gruppene me kan tilby per dags dato:  

 
Gruppa 3-4år (født 2019-2018) - Onsdag 16.30-17.30: Foreldre og barn. Her vil det vera fokus på grunnmotorikk inne i gymsal. Der vert det fokus på dans, leik og moro. Det er også lagt opp til eit par enkle turar i nærområdet. Sjå årshjul for meir info Dessverre fullt!

Gruppa 5-6år (født i 2017-2016) - Tirsdag 16.30-17.30: Her begynner dei så smått og få prøvd seg på dei ulike idrettane som er i idrettslaget vårt. Også her vil det vera fokus på grunnmotorikk, leik og bevegelse. Det blir lagt opp til ein del turar og ulike friluftslivsaktivitetar. Når dei skal på tur må foreldra vera med å bidra. Sjå årshjul for meir info.* Dessverre fullt!

 
Gruppa 7-8år (født 2015-2014) - Onsdag 17.30-18.30: Her vil det vera fokus på mange forskjellige idrettar. Orientering og friidrett til basketball og innebandy. Frisbee og skeiser. Sjå årshjul for meir informasjon.*
 
Gruppa 9-12år (født 2013-2010) - Onsdag 16.30-17.30: Her skal mykje prøvast ut. Sykle, skate, rugby og golf. Sjå årshjul for meir info.*


Meld Deg På Nå


*Gruppene frå 5-6 år og oppover må belage seg på å vera mykje ute hausten 2022. Me trekk inn etter kvart når hallen på Nysæter er klar til bruk. Kan også vera aktuelt å ha ein del av aktivitetane på skulane i området.  

20-30 plassar per gruppe. Kan vera at gruppene vert delt i to ved stor påmelding. Meld deg på raskt