Gruppestyrene har ansvar for aktiviteten innan “sin” idrett. Som ein forlenga arm frå hovedstyret må dei forhalde seg til dei vedtaka hovedstyret fattar. Gruppene er såleis eit utøvande organ, som handlar i samsvar med dei fullmaktene og vedtaka som er fatta i hovudstyret.

Gruppestyrene legg forholda til rette for aktivitet i gruppa, samt hjelper hovedstyret med oversikt over kva som er planlagt og kva som har skjedd. Gruppestyrene organiserer med andre ord den daglege aktiviteten i gruppa, utarbeider planar og budsjett, samt rapporterer til hovedstyret (og årsmøtet), inkludert rekneskap.

Som gruppestyremedlem kan ein ikkje inngå avtalar eller representere idrettslaget utan hovudstyret si godkjenning, eller at dei er i samsvar med ei fullmaktsmatrise.

Gruppestyrene skal stimulere og motivere utøverar og foreldre til å bli trenarar og leiarar, både som aktive og når dei legger opp, for å behalde dei i miljøet. Gruppa skal søke samarbeid med andre grupper i Idrettslaget Solid, samt eventuelt andre idrettslag, for å leggje tilrette for eit større eller alternativt treningsmiljø når dette vert sett på som hensiktsmessig.