Verdiar som medlema våre ønskjer laget skal driva etter er:

  • Respekt
  • Engasjement
  • Inkludering
  • Rettferd

IL Solid sitt verdigrunnlag kan ikkje lausrivast frå samfunnet sine lover og normer, men skal vera med å forsterka element i det positive lokalmiljøet Sagvåg og Litlabø som me er ein del av.

Idrettslaget Solid har som hovudmålsetting å leggja forholda til rette slik at flest mogleg barn og unge, på alle nivå, i Sagvåg/Litlabø-området kan få ta del i idrettsaktivitetar prega av tryggleik, meistring og trivsel.

Dette betyr at:

  • Det skal vera eit godt miljø, både sportsleg og sosialt. Miljøet skal vera positivt, engasjerande, inkluderande og rusfritt.
  • Idretten skal vera ein samlingsfaktor. Hos oss skal det vera plass til alle som vil driva med idrett, same kva bakgrunn eller kva livssyn dei måtte ha.

For å nå hovudmålet vårt må me:

  • heile tida jobbe med å skaffe gode nok treningsforhold: nok og brukbare banar, innandørshallar, basseng osb. Me ønskjer at Solid sitt klubbhus, som er integrert i idrettsanlegget, skal bli ein open sosial møteplass for barn, ungdom og vaksne både formelt og uformelt. Dette vil skape identitet, tilhørighet og kontakt på tvers.
  • rekruttera dyktige og engasjerte trenarar / leiarar til alle lag / treningsgrupper. For å skapa godt miljø blant trenarane og gje dei gode arbeidstilhøve skal me kontinuerleg gje ut nok informasjon, ved hjelp av trenar- / oppmannsmøter, e-post og heimesida. Me skal bidra til å auka trenarkompetansen ved hjelp av impulssamlingar / kurs i egen regi, eller i samarbeid med naboklubbar eller krets.
  • informera utøvarar, trenarar, leiarar, foreldre og publikum om behovet for Fair play, samt respekt for Solid sine retningslinjer, klubbkultur og avgjerdsler.
  • legge stor vekt på holdningsskapande arbeidi utviklinga av idrettsutøvarane og det skal arbeidast for å skape sosial trivsel på alle lag og grupper.
  • jobbe for å fremje NIF sin aktivitetsverdi: Helse, gjennom etablering av sunne vanar, med stort fokus på Eat Move Sleep i all aktivitet i klubben.
  • ha eit godt samarbeid med dei andre klubbane på Stord, andre idrettar og frivillige organisasjonar i Sagvåg og Litlabø-området, Stord kommune og det offentlege.

Idrettslaget vårt arbeidar og etter NIF sine verdiar:

Aktivitetsverdiar:

  1. GLEDE – gjennom meistring
  2. FELLESSKAP – sosial utvikling gjennom samhandling og konfliktløysing
  3. HELSE – gjennom etablering av sunne vanar
  4. ÆRLIGHET – gjennom oppfostring til FAIR PLAY.

 

Organisasjonsverdiar:

  1. Demokrati
  2. Lojalitet
  3. Likeverd
  4. Frivillig innsats