Handballgruppa i Solid består per dags dato av 5 lag med gutar og jenter i alderen 6-12 år. I tillegg til eitt herrelag og eitt damelag. Me tel rundt 94 medlemmar.

Sjølv om handballgruppa ikkje er så stor, har me eit stort hjarte for klubben vår og vil at handballen skal vakse seg stor i Sagvåg. Dette er eit mål handballstyret jobbar mot, både ved rekruttering av trenarar, spelarar og planlegging av gruppa si framtid.

I januar i år var me endeleg på plass i ny hall på Nysæter Ungdomsskule.
Med stor og flott hall, blir treningane enda betre og kjekkare. Me ser allereie effekten av hallen, med nye spelarar som kjem til laga i dei aldersbestemte klassane og oppstarten av dame- og herrelag.

I Solid handball er alle velkomne, anten ein har eit ønske om å vere sosial, bli den neste verdsmesteren eller berre ha det kjekt.
Solid er ein klubb der me viser RESPEKT, har ENGASJEMENT, er RETTFERDIGE og INKLUDERER alle.