Nominasjonar til æresmedlemskap, eldsjel-prisen og heidersmerke kan sendast til leiar av merkenemnda (2020-2025), Kurt Grundvold på e-post: kurt.grundvold@sklbb.no.

Frist for å komme med nominasjonar i 2021 er 5. februar.

Statuttar for heidersteikn i IL Solid

Fylgjande heidersbevis kan tildelast:

  1. Æresmedlem

Eit Æresmedlemskap er den høgaste utmerkinga eit medlem kan få i IL Solid og kan tildelast medlemmer som har utmerka seg særleg, og fyller fleire av desse vilkåra: 

  • Har lang og tru teneste i klubben og har vore eit godt førebilete for klubben og dei verdiane klubben har - Respekt, Engasjement, Inkluderande, Rettferdighet
  • Har engasjert seg i fleire ulike verv/grupper i IL Solid over lengre tid
  • Har sett eit særleg preg på IL Solid som aktiv, trenar, styremedlem eller med anna arbeid
  1. Eldsjel-prisen

Eldsjel-prisen kan tildelast eit medlem som har utmerka seg over tid ved å innfri eit eller fleire av desse punkta:

  • Gjera ein innsats som trenar/lagleiar/styremedlem i ei gruppe over lengre tid, ut over det «normale».
  • Representera IL Solid på ein positiv måte. I lokale, regionale eller nasjonale verv innan idretten.
  • Vera initiativtakar til ny aktivitet, eller bidra sterkt til å oppretthalda eksisterande aktivitet.
  • Vera eit førebilete for klubben og verdiane til klubben – Respekt, Engasjement, Inkluderande, Rettferdighet.
  1. Heidersmerke

Heidersmerke kan tildelast eit medlem som innfrir eit eller fleire av desse punkta:

  • Vunne gull i NM, eventuelt har fleire sølv- og/eller bronsemedaljar
  • Representert Noreg i landskampar, internasjonale meisterskap
  • Representert IL Solid som dommar/trenar i fleire år på krets og/eller nasjonalt nivå
  1. Månadens Solid-ven

Månadens Solid-ven kan tildelast eit medlem i ei av gruppene som har utmerka seg spesielt, gjort nok meir enn forventa i løpet av den siste tida. Vert delt ut av gruppene, når dei meinar nokon fortener det. 

 

  1. Utnevning av Æresmedlemsskap skal skje i samband med jubileumsmarkeringar eller årsmøter. 

Tildeling av Eldsjel-pris og Heidersmerke vert gjort i samband med årsmøter.

Månadens Solid-ven vert tildelt når gruppene meinar nokon fortener det.

  1. Æresmedlemskap i ILSolid skal hengja høgt, men det kan delast ut 1-2 medlemsskap i året dersom det er nominert personar som fyller vilkåra. 

Eldsjel-prisen og Heidersmerke kan tildelast når det er nominerte medlemmer som fyller vilkåra. 

  1. Styret i IL Solid utnevner og deler ut Æresmedlemsskap, Eldsjel-prisen og Heidersmerke etter innstilling frå merkenemnda. Merkenemnda vert vald for ein periode på 5 år og skal gjere innstillingane på bakgrunn av nominasjonar frå gruppene og enkeltmedlem. Nominasjonane skal vera skriftlege og grunngjevne. Innstillingane gjort av merkenemnda, med grunngjeving, skal protokollførast. Nominasjonar som ikkje når opp skal makulerast av merkenemnda. Merkenemnda har taushetsplikt når det gjeld innkomne nominasjonar. Alle vedtak om innstilling i merkenemnda skal vera einstemmige. 
  2. Æresmedlem får Solidmerke/-pin, diplom og eit kunstverk med gravering som synleg heidersbevis. 

Mottakar av Eldsjel-prisen og Heidersmerke får eit diplom og eit gåvekort på 500 kr.

Månadens Solid-ven får ei fruktkorg.

  1. Æresmedlem har gratis inngang på alle arrangement i Idrettslaget Solid.