Alle barn som er medlem av lag tilslutta NIF, er forsikra gjennom Norges Idrettsforbund fram til den datoen dei fyller 13 år. https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/forsikring/
Særforbunda har ulike ordningar for dei som er over 13 år.
- Fotball
- Symjing
- Turn
- Handball
- Friidrett
Idrettslaget må undersøke kva som gjeld i dei forbunda den er knytt til og beskrive kva som er forsikra gjennom medlemskontingenten.
Idrettslaget må teikne ei underslagsforsikring for dei to personane som disponerer idrettslaget sin konto.
Er det teikna ei klubbforsikring, eller har idrettslaget forsikra andre eigendelar eller anlegg?
Har klubben behov for andre forsikringar? Meir om klubbforsikring her https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/forsikring/