IL Solid symjeruppe skal skapa eit godt idrettsmiljø for symjeopplæring for alle, samt bidra til å betre den allmenne symjedugleiken i Sagvåg og Litlabø områda og elles i Stord og Fitjar kommunar.

Symjegruppa skal videreutvikla og oppretthalda eit attraktivt og inkluderande klubbmiljø for alle sine medlemar, dei i leiinga, samt alle støttespelarane klubben har.

IL SOLID symjegruppe skal arbeide for at innbyggjarane i Stord og Fitjar skal få høve til å utøva symjeaktivitet.

IL SOLID skal fremje symjedugleik hos både born, ungdom og vaksne.  IL SOLID skal utvikle konkurransesymjarar.

Symjegruppa jobbar ut frå fellesverdiane i iL Solid: Respekt, engasjementi, inkludering og rettferd.

Visjon

Symjing for alle!

Mål

  1. IL SOLID symjegruppe har som målsetjing å utvikle symjedugleiken til spesielt born og unge i Stord og Fitjar kommunar.
  2. IL SOLID symjegruppe skal, medan me utviklar dugleiken, ha høg fokus på å førebyggje ulykker.
  3. IL SOLID symjegruppe skal delta på symjestemner i fylket og elles andre nasjonale/internasjonale stemner der symjarane kan vera kvalifiserte til å delta.
  4. Gjennom å delta på slike stemner får våre symjarar positive nettverk og ei forankring i andre miljø innanfor idretten både i fylket og elles i landet.