Solid fotball arbeider i tillegg etter verdiane til NFF:
- Visjon:
FOTBALL FOR ALLE - glede, drømmer og fellesskap.
FAIR PLAY og RESPEKT er fotballens internasjonale kjerneverdier og grunnleggende for all vår aktivitet. Hos oss underbygges de av verdiene: TRYGG – INKLUDERENDE – MODIG.
- Målsetting:
- Flest mogleg
- Lengst mogleg
- Best mogleg
Solid si fotballgruppe har som hovudmålsetting å leggja forholda til rette slik at flest mogeleg barn og unge, på alle nivå, i Sagvåg / Litlabø-området kan få ta del i fotballaktivitet prega av tryggleik, meistring og trivsel.
Dette betyr m.a. at :
- det skal vera eit godt miljø, både sportsleg og sosialt. Miljøet skal vera positivt, engasjerande, inkluderande og rusfritt.
- idretten skal vera ein samlingsfaktor. I fotballgruppa vår skal det vera plass til alle som vil driva med fotball, same kva bakgrunn eller kva livssyn dei måtte ha.
For å nå hovudmålet vårt skal me:
- heile tida jobbe med å skaffe gode nok treningsforhold: nok og brukbare banar, innandørshallar osv. Me ønskjer at Solid sitt klubbhus, som er integrert i idrettsanlegget, skal bli ein open sosial møteplass for barn, ungdom og vaksne både formelt og uformelt. Dette vil skape identitet, tilhørighet og kontakt på tvers.
- rekruttera dyktige og engasjerte trenarar / leiarar til alle lag. For å skapa godt miljø blant trenarane og gje dei gode arbeidstilhøve skal me kontinuerleg gje ut nok informasjon, ved hjelp av trenar- / oppmannsmøter, mail og heimesida. Me skal bidra til å auka trenarkompetansen ved hjelp av impulssamlingar / kurs i egen regi, eller i samarbeid med naboklubbar eller krets.
- jobbe aktivt med å rekruttere nye dommarar. Me skal legge forholda til rette og motivere til at spelarar, leiarar og trenarar kan velje dømming som alternativ. Me skal støtte og utvikle dommarane og det skal oppnemnast ein dommaransvarleg.
- informere spelarar, trenarar, leiarar, foreldre og publikum om behovet for Fair play, samt respekt og toleranse for dommaren sine avgjersler.
- legge stor vekt på haldningsskapande arbeid i utviklinga av spelarar og det skal arbeidast for å skape sosial trivsel på alle lag.
- for å fremme NIF`s aktivitetsverdi: Helse – gjennom etablering av sunne vaner – skal me ha stort fokus på Eat Move Sleep i all aktivitet i klubben.
- ha eit godt samarbeid med dei andre klubbane på Stord og Fitjar, andre idrettar og frivillige organisasjonar i Sagvåg / Litlabø-området, Stord kommune og det offentlege.
-
- Leiarstyrt:
- Klubben legger til rette
- Trenere, leiarar, spelarar, dommarar, foreldre forheld seg til
- Utvikling og resultat
- Øving gjer meister
- Bli betre enn du var i går – i alle ledd.
- Fotball for alle som vil
- Med ulike ønskjer, motiv og ambisjonar
- Sunn Økonomi
- Ikkje bruke peng me ikkje har
- Styre økonomien etter gjeldande lover og regler
- Leiarstyrt: