Alle med verv i idrettslaget skal lese og godta dei etiske retningslinjene ved å fylle ut skjemaet på denne linken



1. Handsame alle med respekt, og avstå frå alle former for kommunikasjon, handling eller handsaming som kan opplevast som krenkande, både i det fysiske rom og på internett.

2. Unngå berøringar som kan opplevast som uønska.

3. Unngå alle former for verbal intimitet som kan opplevast som seksuelt lada.

4. Unngå uttrykk, vitsar og meininger som omhandlar utøvaren sitt kjønn eller seksuelle orientering på ein negativ måte.

5. Skal ha minst ein i støtteapparatet av samme kjønn som utøverane. Ved reiser med overnatting skal unntak/avvik frå dette grunngjevast til og godkjennast av arbeidsutvalet.

6. Unngå kontakt med utøvarar i private rom utan at det er fleire til stades eller det er avtalt med foresatte og styret. Med dette reknast og kontakt på internett og i sosiale medium som til dømes Snapchat, Messenger, Instagram, TikTok, med meir.

7. Vise respekt for utøverane, trenerane og leiarane sine privatliv.

8. Unngå doble relasjonar. Om eit gjensidig forhold vert etablert, bør situasjonen takast opp og avklarast opent i miljøet.

9. Ikkje tilby noko form for motyting i hensikt å forlange eller forvente seksuelle tenestar i retur.

10. Jobbe for at mobbing og rasisme ikkje forekomme i IL Solid. Eg skal ta tak i slike situasjonar med ein gong eg vert merksam på dei!

11. Gripe inn og varsle om eg opplever brot på desse retningslinjene.

Som del av støtteapparatet i klubben har eg ansvar for at retningslinjene vert gjort kjent og fulgt i organisasjonen/ idrettsmiljøet.