Målgruppa er alle fotballspelarar i Solid, gutar og jenter, i alderen 13 – 16 år med ulike ønskjer, motiv og ambisjonar.

Vi skal gi et godt tilbod både til:

- spelarar med store ambisjonar og ønskje om å bli toppfotballspelar, og som trenar svært målbevisst i forhold til dette

- spelarar med motiv og ønskjer om å delta et par gongar i veka i fotballspill i et positivt, inkluderande og engasjerande miljø.

Det er aktiviteten og måten den blir leia på som skaper trivsel, tryggleik og meistring blant ungdom – og som er avgjerande for kor lenge ungdommen blir i klubben vår.

Ungdomsgruppa i Solid skal derfor:

• legge forholda til rette for auka leiarkompetanse og utvikling

• legge forholda til rette for jentefotball, slik at jentene kjem til oss og blir hos oss

• legge til rette for at ungdommen sjølv vert gitt innflytelse / medbestemmelse i utforming av aktiviteten, og på den måten får trening i å ta ansvar for seg sjølv og andre.

• legge forholda til rette for at unge spelarar med spesielle føresetnader, ferdigheter, innstilling og vilje skal kunne få utvikle sitt potensial over tid til beste for rekruttering til seniorfotball i Solid eller høgare nivå.

Når det gjeld sportslege forhold, sjå kapittel 5. SPORTSLEGE RETNINGSLINJER.